Korleis skal ein bruke kompostjord?

 

Ikkje alle i fagmiljøet er einige om bruken av kompostjord. Bør ho brukast kun som gjødsel eller jordforbedring, eller kan ein plante direkte i det?

Kompostjord er nemleg proppfullt av næring. For nokre planter kan det bli for mykje av det gode, og i tillegg vil ein gjerne unngå at all denne næringa blir liggande ubrukt. Vi anbefalar difor å blande slik at det er 1/3 kompost og 2/3 vanleg jord (hugs å kjøpe torvfri jord).

Kvifor kompostjord?

 

Kun 3 prosent av Norge er dyrka mark, og kun èin tredjedel av dette er jord som er næringsrik nok til å dyrke mat i. Ingen land i EU har lavare andel matjord enn Norge.

Globalt ser vi ørkenifisering og krigsherjingar som øydelegg livsviktige jordareal. Matjord er ein av verdas mest pressa ressursar, og aldri har det vore viktigare å vere sjølvforsynt med mat i moderne tid enn no.

Kompostjord er så proppfullt av næring at det fungerer som det reinaste og mest naturlege gjødsel, som sjølvsagt er gull verdt i matproduksjon. Kompostering blir i tillegg framheva som ein sentral del av løysinga på klimakrisa, fordi kompostjord lagrar karbon.

All fornuft tilseier at vi må putte næringa i matrestane våre tilbake dit den høyrer til - i matjorda vår. Kompostering er naturen sin eigen prosess for å oppnå dette. Vi legg til rette for at òg dei som bur midt i byen kan handtere matrestane sine på verdas mest berekraftige måte. Vi kallar det for nabolagskompostering, og vi kallar det supersirkulært!